Røysterett for kvinner
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Røysterett for kvinner var ei av dei første store kampsakene for kvinnerørsla.
[endre] Historie
Det oppstod mot slutten av det 1900-talet rørsler i fleire land som kjempa for at kvinner skulle få same røysterett som menn. Målet deira var først og fremst å få slutt på diskriminering av kvinner i høve til menn, ikkje nødvendigvis å innføre allmenn røysterett ved å fjerne diskriminering basert på økonomiske, religiøse eller rasemessige forhold.
Stemmeretten vart utvida til å gjelde kvinner på ulike tider i ulike land, og i mange tilfelle vart han også trukken attende etter nokre år. Det var også vanleg at kvinner hadde strengare vilkår for å få røysterett enn menn, for eksempel ved at berre gifte kvinner fikk retten.
Den første staden som innførte kvinneleg røysterett var New Jersey. Der vart det innført i 1776, men trukke attende i 1807. Pitcairnøyane var neste stad, i 1838. Deretter kom Sør-Australia i 1861, og så kom forskjellige territorier i USA.
Det første landet som innførte kvinnelig røysterett utan begrensningar var New Zealand, rett før valet i 1893. Dette omfatta berre røysteretten; det gikk enda nookre år før kvinner kunne stille til val. Sør-Australia var den første staden som tillot kvinner å stille til val til parlamentet, i 1894, 33 år etter at kvinneleg røysterett vart innført.
Det første europeiske landet som innførte kvinnelig røysterett var Finland, som innførte allmenn røysterett og rett til å stille til val i 1906. Landet fekk i 1907 verdas første kvinnelege medlemmer av ei nasjonalforsamling, da 19 kvinner vart valt inn i riksdagen. Danmark innførte kvinneleg røysterett i lokalval i 1908 og i nasjonale val i 1915, mens Norge innførte det for alle val i 1913.
Under første verdskrigen endra haldninga til kvinners evner og muligheiter seg i fleire vestlege land, fordi kvinner vart sett inn i tradisjonelle mannsyrker for å fylle opp plassane til dei som var sende til fronten. I 1918 innførte Storbritannia røysterett etter nesten samme vilkår som for menn (fulle rettar vart gitt i 1928), mens kvinner i Tyskland fekk same rett som mennene. I 1920 vart kvinnelig røysterett innført i USA, og deretter fulgte dei fleste vestlege landa frem mot andre verdskrigen. Eit unntak var Frankrike, som først kom etter i 1945, samtidig som Japan.
Dei siste vestlige landa der kvinner fekk røysterett var Sveits (1971) og Liechtenstein (1984). Det er fortsatt nokre få land som ikkje har kvinneleg røysterett, dei fleste av dei med basis i visse tolkingar av Koranen. Bhutan skil ikkje mellom kvinner og menn, men i og med at landet har eit prinsipp om éi røyst per eigedom fører dette til at mange kvinner i røynda ikkje har røysterett.
[endre] Land utan kvinnelig røysterett per 2006
Landa som ikkje har røysterett, eller ulike reglar for kvinner og menn, er:
- Bhutan – éi røyst per eigedom, noko som i praksis fratar dei fleste kvinner røysteretten
- Brunei – ingen kvinneleg røysterett
- Dei sameinte arabiske emirata – ingen kvinnelig røysterett
- Libanon – kvinner må ha utdanning for å røyste, menn treng ikkje dette. Det er obligatorisk for menn å røyste og valfritt for kvinner.
- Saudi-Arabia – ingen kvinnelig røysterett
Nett innført: