Stjertmeis
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stjertmeis |
||
Systematikk | ||
Rike: | Animalia | |
Familie: | Aegithalidae | |
Slekt: | Aegithalos | |
Vitskapleg namn | ||
Aegithalos caudatus |
Stjertmeis (Aegithalos caudatus) er ein meiseliknande sporvefugl i stjertmeisfamilien. I Noreg finst fuglen i lauv- og blandingsskog i Sør-Noreg, Nordland og Troms. Han er ein sjeldan streiffugl i Finnmark.
[endre] Utsjånad
Fuglen er ca. 16 centimeter lang og 7-9 gram. Han har lang hale, kort nebb, kvitt hovud og er rosa på skuldrene og sidene. Ryggen er svart.
[endre] Levevis
Stjertmeis er ein stand- og streiffugl. Han et mest insekt heile året. Om vinteren streifar stjertmeis rundt i små flokkar.
Fuglen byggjer kunstferdige reir. I april-mai legg hoa 10-12 egg. Desse vert ruga i 12-14 døgn. Ungane blir i reiret
[endre] Bakgrunnsstoff og referansar
![]() |
Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over biologispirer. |