Strilamål
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Strilamål | |
---|---|
Tala på: | Vestlandet |
Kommune: | Nordhordland, Midthordland |
Klassifisering: | Vestlandske målføre |
Strilamål er den dialekta som strilane snakkar. Dei som vert kalla strilar bur i området rundt Bergen — hovudsakleg Nordhordland.
[endre] Kjenneteikn ved strilamålet
- ll vert ofte 'dl': alle = adle, ball = badl, troll = trodl
- nn vert ofte 'dn': kann = kadn, banna = badna, kanna = kadna
- mm vert ofte 'bm': hammar = habmar, gammal = gabmal
- kj-lyden er sterk: det heiter KJøleskap, ikkje SJøleskap
- R-ane skal rullast på: rudle-R
- Ikkje-forkortingar: kan ikkje = kan’kje, har ikkje = ha’kje, skal ikkje = ska’kje, sa ikkje = sa’kje osv.
- g-ar i substantiv vert ofte til 'j' i bunden form: ein hage - den hajen, ei korg - den korjæ, ein mage - den majen, ein dag - den dajen osv.
- Hokjønnsord kan ha mange forskjellige endingar i strilamålet, men mest vanleg er at svake hokjønnsord får o-ending i bunden form: ei jenta-den jento, ei boksa-den bokso, ei mamma-den mammo osv. Sterke hokjønnsord får ofte æ-ending: ei sol-den solæ, ei elv-den elvæ, ei øy-den øy(n)æ.
[endre] Døme
- «Dadn dialæktæ so adle dæi ækte strilane snakka æntn dæi bur på fjædle ædle ute me sjødn.»
- «Dei dansa rondt i tudn te dei vart heilt ørne i høvena»
Sitat frå Vinskvetten - Blåmandag: «Eg vakna ein morgon, me’ et forfærdelæ håve, eg tenkte; kor kadn eg i går kvedl ha vore?»
Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over språkspirer. |