Svarttrost
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Svarttrost |
||
Systematikk | ||
Rike: | Animalia | |
Rekke: | Chordata | |
Klasse: | Aves | |
Orden: | Passeriformes | |
Familie: | Turdidae | |
Slekt: | Turdus | |
Art: | T. merula | |
Vitskapleg namn | ||
Turdus merula | ||
Linné |
Svarttrost eller svarttrast (Turdus merula) er ein vanleg fugl i trostefamilien og er Sveriges nasjonalfugl.
Innhaldsliste |
[endre] Skildring
Svarttrosten er 25-27 cm lang. Hannen er kolsvart med eit gult nebb i tillegg til eit lite gult parti kring auga. Hoa, også kalla for sausvort, er brunsvart med raudbrunt og svartprikkete bryst og har brunsvart nebb. Ungfuglar er oftast raudbrune og har endå meir markante prikkar enn hoa. Fuglen varierer songen og kan imitera andre fuglar. Det er hannfuglen som syng, og songen hans er på mange stader i landet eit sikkert vårteikn.
[endre] Formering
Fuglen plasserer reiret på bakken eller lågt i ein busk, ei tett gran eller buskete lauvtre. Reiret er i hovudsak laga av leire, gras, mose og røter blir samanfletta til ei djup skål. I Sør-Noreg startar egglegginga i april. To kull i året er ikkje uvanleg. Hoa rugar dei blå- eller grøngråe egga i 13–14 døgn. Etter klekking oppheld ungane seg i reiret i 12–19 døgn og blir mata av foreldra i endå tre veker.
[endre] Ernæring
Svarttrosten lever av meitemark, insekt, tusenbein og sniglar. Om hausten et han frukt, bær og frø, og i dei delane av landet han overvintrar er han ein hyppig gjest på fuglebrettet.
[endre] Utbreiing
Svarttrost er utbreidd i store delar av Europa. Ein gjeng ut frå at talet på svarttrostpar som hekkar i Noreg er mellom 100 000 og 1 000 000. I Noreg er han ein trekkfugl. Merka fuglar som er attfunne syner at Dei britiske øyane er viktigaste overvintringsstaden. Dei fleste svarttrostane dreg rett over Nordsjøen, men nokre tek vegen om Danmark og Nord-Tyskland. Det er attfunne merka svarttrost så langt sør som Sør-Spania. Ein fugl er funnen på Island. Han kan overvintre i kystområder opp til Troms, oftast nær hekkestaden. Han finst og i nordvest-Afrika og i Kina, og er innført i Australia og New Zealand kor han har etablert seg.
Eldste svarttrost påvist ved merking i Noreg er 8 år og 6 mnd.
[endre] Bakgrunnsstoff
- Norsk ornitologisk forening
- Fugler i Norge og Norden (bok)
- Norsk RingmerkingsAtlas. Volum 2. Stavanger 2006. ISBN 8290054653
![]() |
Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over biologispirer. |