Toccata og fuge i d-moll
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Toccata og fuge i d-moll (BWV 565) er namnet på eit orgelstykke som truleg vart skrive av Johann Sebastian Bach mellom 1703 og 1709. Det vert saman med Charles-Marie Widor sin Toccata rekna å vera det best kjende orgelverket.
Leopold Stokowski skreiv rundt 1927 verket om for stort symfoniorkester, og denne versjonen vart mellom anna nytta i Disney-filmen Fantasia.
Max Reger skreiv eit anna stort orgelstykke med namnet Toccata og fuge i d-moll.
![]() |
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |