Urindrivande lækjemiddel
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eit urindrivande lækjemiddel, eller eit diuretikum, er eit lækjemiddel som aukar urinutskiljinga, altså fører til diurese. Dette gjer det indirekte ved å auke utskiljinga av natrium og klorid, noko som òg fører til auka utskiljing av vatn grunna osmose.
Det finst ulike klassar diuretika, som verkar på ulike måtar:
- Osmotiske diuretika (t.d. mannitol)
- Tiazid eller low ceiling-diuretika (t.d. hydroklortiazid)
- Loop diuretics eller high ceiling-diuretika (t.d. furosemid)
- Kaliumsparande diuretika (t.d. spironolakton)
I tillegg til desse lækjemidla, er drikkar som kaffi, te, alkohol og tranebærjus urindrivande.
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. | |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |