Vandrefalk
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vandrefalk (vitskapelig navn Falco peregrinus) er ein fugl i falkefamilien.
Innhaldsliste |
[endre] Utsjånad
Vandrefalken har svartgrå rygg medan undersida er lys, spetta med mørk grått. Nebbet er mørkegrått med gultone mot rota. Iris er svartbrun, medan føtene er gule hos vaksne individ og blågrå hos yngre.
Fuglen vert mellom 40 og 50 cm lang og har eit vengespenn på 95-110 cm. Hannfuglen kan vega inntil 700 g, medan hoa kan bli opptil 1100 g. Hannen er på storleik med ei kråke og hoa med ein ramn.
[endre] Levevis
Vandrefalken legg egg rett på underlaget på ei fjellhylle. Fuglen er monogam.
[endre] Utbreing
Vandrefalken er den mest spreidde og framgangsrike rovfuglarten. Han finst over heile jordkloden med unnatak av Antarktis, ørkenstrøk og deler av Sør-Amerika.
[endre] Bakgrunnsstoff
![]() |
Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over biologispirer. |