Gud signe vårt dyre fedreland
Fra Wikipedia, den frie encyklopedi
[rediger] Gud signe vårt dyre fedreland
Teksten til denne hymnen er skrevet av Elias Blix.
1.
- Gud signe vårt dyre fedreland,
- og lat det som hagen bløma.
- Lat lysa din fred frå fjell til strand
- og vetter for vårsol røma.
- Lat folket som brøder saman bu,
- som kristne det kan seg søma.
2.
- Vårt heimland lenge i myrker låg,
- og vankunna ljoset gøymde.
- Men, Gud du i nåde til oss såg,
- Din kjærleik oss ikkje gløymde;
- Du sende ditt ord til Noregs fjell,
- Og ljos over landet strøymde.
3.
- Og Noreg det ligg vel langt i nord,
- Og vetteren varer lenge;
- Men ljoset og livet i ditt ord
- Det ingen kan setja stenge.
- Um fjellet er høgt og dalen trong,
- Ditt ord heve då sitt gjenge.
4.
- So blømde vårt land i ljos og fred,
- Det grodde so grønt i lider,
- Men atter seig natt på landet ned
- Med trældom og tunge tider.
- Og folket det sukka etter ljos,
- Og du lyste opp omsider.
5.
- Og morgonen rann, og mørkret kvarv,
- Som lenge vår lukka skygde.
- Du atter oss gav vår fridomsarv
- Og honom i trengsla trygde.
- Du varna vårt folk og gav oss fred
- Og landet med lov me bygde.
6.
- Vil Gud ikkje vera byggningsmann,
- Me fåfengt på huset byggja.
- Vil Gud ikkje verja by og land,
- Kan vaktmann oss ikkje tryggja.
- So vakta oss Gud så me kan bu
- I heimen med fred og hyggja.
7.
- No er det i Noreg atter dag
- med vårsol og song i skogen.
- Om sædet enn gror på ymist lag,
- det brydder då etter plogen.
- Så signe då Gud det gode såd
- til groren ein gong er mogen.