Ål folkehøyskole og kurssenter for døve
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ål folkehøyskole og kurssenter for døve ligg i Ål i Hallingdal. Skulen er landets einaste frilynte folkehøgskule for døve. All undervisning på skulen skjer på teiknspråk. Skulen tar imot opptil 45 elevar årleg. I tillegg til å drive folkehøgskule, er også omfattande kursvirksomhet og tv-produksjonsselskapet Døves Media tilknytt skulen. Skulen er eigd av ei stifting oppretta av Norges Døveforbund.
Skulen har følgjande linjefag:
- IT/data
- Sport og friluft
- Mote og design
- Foto og video
- Norskopplæring
- Tegnspråk for hørende