Årbuk
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Årbuk |
||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Systematikk | ||||||||||||||
|
||||||||||||||
Vitskapleg namn | ||||||||||||||
Leuciscus cephalus |
Årbuk (Leuciscus cephalus) er ein beinfiskart i karpefamilien. Andre namn på same fisken er stam, breinakke og raufjæring.
Årbuk har raude gatt- og bukfinner og kan likne på vederbuk, men er slankare og breidare yver nakken og ryggen og har større munn. Han kan vakse seg opptil 80 cm lang og 8 kg tung, men vert ikkje så stor i Noreg. Noregsrekorden på 3,2 kilo blei tatti Glomma. Årbuken kan bli eit parogtjue år gamal.
Fisken lever i fersk- og brakkvatn i Mellom-Europa. I Noreg er han å finna nedst i Tista, Glomma og Drammenselva. Årbuk held helst til i rennande vatn, men i nokre fall finn du han og i innsjøar og i brakkvatn. Han trivst særleg godt der ureinsa kloakk renn ut i vatnet.
Når årbuken er liten gjeng han ofte i stimar, medan eldre fiskar held seg i små grupper eller åleine. I mai til juni gyt han ved ca. 15 grader. Egga vert klekte etter 10–12 dager.
Fisken er ei morosam utfordring for sportsfiskarar.