Østlandsk reisning
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Østlandsk reisning var ein norsk målpolitisk organisasjon, med mål om målreising for talemåla på Austlandet. Østlandsk reisning vart skipa hausten 1916 med seinare biskop Eivind Berggrav som formann og professor Halvdan Koht som nestformann. Sentral i organisasjonen var professor i riksmål, Didrik Arup Seip.
Innhaldsliste |
[endre] Formål
Formålet med Østlandsk reisning var å vekkje austlendingen til nasjonalt å kjenne og ære seg sjølv; til å bli glad i heimbygdene, i arbeidsliv, i husliv, i sed og tale. Dei ville reise tanken om at morsmålet i aust var fullgod norsk tale.
Østlandsk reisning arbeidde for å få inn drag frå dialektane på Austlandet i norsk skriftspråk. Landsmål hadde sterke drag frå talemål på Vestlandet, medan riksmål bygde på dansk språk og danna daglegtale til dei øvre sosiale laga i byane. Såleis meinte Østlandsk reisning at det ikkje var teke nok omsyn til talemåla på Austlandet i nokon av dei eksisterande norske målformene. Ved å byggja på folkemålet på Austlandet, vart det sett på som mogleg å få til eit sams norsk skriftspråk, eit samnorsk.
[endre] Program
I eit opprop datert desember 1917, samla organisasjonen om å krevje at Riksmålet måtte godkjenne
- dei tre kjønna blant substantiva
- tvelydane (diftongane; stein, hauk, øi)
- fortidsformer som kasta
og at landsmålet måte godkjenne
- hokjønnsformer på -a (sola og brua for soli og brui)
- fleirtalsformer på -er (viser for visor)
- infinitiv på -e (aa kaste)
For at landet ikkje skulle bli eit målkløyvd land, måtte begge sider slå av på mangt dei hadde halde fast som kjært, men dei gjorde det for ein samnorsk tanke.
Blant dei som slutta seg til oppropet var Fridtjof Nansen, Otto Valstad, biskop dr. Otto Jensen, rektor Severin Eskeland, docent Olav Midtun, Sven Moren, Olaf Norli og skulestyrar Olav Riste.
[endre] Arbeidet
Innan organisasjonen vart det ei spenning mellom krefter som ville arbeide med målrørsla og Noregs Mållag for å reise det norske folkespråket, og krefter som såg organisasjonen som ein alliert i kampen mot det dei oppfatta som det vestlandske landsmålet.
Østlandsk reisning gav ut bladet Østaglett. Her vart språkspørsmål tekne opp. Blant dei som svarte på spørsmål, var D(idrik Arup) S(eip).
|
||
Østlandsk reisning som organisasjon eksisterte fram til 1926, men folk frå Østlandsk reisning var sentrale i utarbeidinga av rettskrivinga av 1938.
[endre] Bakgrunnsstoff
- Ernst Håkon Jahr: Østlands reisning 1916-1926
- Østlandsk reisning - norsk samling 1916 - skrive av Didrik Arup Seip
- Østlandsk reisning 1916 - skrive av Halvdan Koht
- Østlandsk reisning 1916 - skrive av Eivind Berggrav
- Austlandsk reising - norsk samling Tale på årsfesten i Noregs Mållag Hamar, 1919 - Sven Moren