’Allo ’Allo!
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
’Allo ’Allo! er ein britisk situasjonskomedie som gjekk på BBC mellom 1984 og 1992. Han gjekk òg på NRK i 1990-åra, og vart sendt opp att i 2006. Serien er teksta på nynorsk. Idéen bak serien var ikkje å gjere narr av andre verdskrigen, snarare å parodiere andre fjernsynsseriar som omhandla krigen, spesielt ein britisk fjernsynsserie som heitte Secret Army. Dennr handla om heimefrontsmenn på ein kafé i Brussel.