Brukardiskusjon:83.108.112.252
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hei «83.108.112.252», Fint at du bidreg med stoff om nasjonalsongar. Det er lurt om du loggar inn — eller skaffar deg eit brukarnamn om du ikkje har eit allereie. Det er eit par problem eg lyt taka opp med deg:
- Om du er ueinig i eit artikkelnamn, så er det fritt fram for å flytte det om du har ein god grunn til dette som er i tråd med politikken her på Nynorsk Wikipedia. Når det gjeld utanlandske namn (personnamn, stadnamn, songtittel osv.), så følgjer vi Språkrådet sin politikk om å bruke originalforma når denne er skriven med det latinske alfabetet. Dette inkluderer diakritiske teikn — anten dei finst på «vanleg norsk» eller ikkje. Slik skriv vi t.d. Antonín Dvořák, ikkje Antonin Dvorak; vi skriv Göteborg, ikkje Gøteborg; osv.
- Når vi flytter sider, brukar vi «flytt side»-funksjonen. Dermed vil alle endringar i teksten bli registrerte i historia der artikkelen ligg til ei kvar tid. Om du «flytter» ei side med å klippe og lime tekst, så øydelegg du sidehistorikken.
- Når vi redigerer sider, så er det skikk og bruk på alle wikipediaer, og særleg her på Nynorsk Wikipedia å bruke redigeringssamandraget til å skildre kva endringane dine går ut på. Dette gjeld særleg i samband med ting som er kontroversielle.
- Som anonym brukar har du lita gjennomslagskraft. Som anonym brukar som ikkje brukar redigeringssamandraga, som flytter sider i strid med lokal språkpolitikk og som attpåtil øydelegg sidehistorikken gjennom å klippe og lime i staden for å bruke sideflyttingsfunksjonen (som du finn i ein tab rett ved redigér øvst på sida) er du i fare for å bli blokkert som sabotør.
Alt i alt er altså både du og Nynorsk Wikipedia betre tent ved at du loggar inn og at du set deg inn i redigeringspolitikken her — gjerne ved å spørje meg, Bjarte eller andre administratorar eller andre aktive brukarar her.
Med beste helsing Olve 18. apr 2005 kl. 1603 (UTC)
Dette var ei av IP-adressene mine før eg registrerte meg EIRIK\diskusjon 30. jun 2005 kl. 0940 (UTC)
Dette er ei diskusjonsside for ein anonym brukar som ikkje har logga inn på eigen brukarkonto. Vi er difor nøydde til å bruke den numeriske IP-adressa knytt til internettoppkoplinga åt brukaren. Same IP-adressa kan vera knytt til fleire brukarar. Om du er ein anonym brukar og meiner at du har fått irrelevante kommentarar på ei slik side, logg inn slik at vi unngår framtidige forvekslingar med andre anonyme brukarar.