Administrasjonsrådet
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Administrasjonsrådet styrte Noreg ei kort tid under andre verdskrigen, frå 15. april 1940 til 25. september 1940.
Administrasjonsrådet var inga eigentleg regjering, men eit styringsorgan oppretta av Høgsterett, mot den dåverande regjeringsleiaren Vidkun Quisling sitt ynskje, den 15. april 1940. Tyskland hadde då okkupert delar av Noreg. Medlemene avga ei truskapseid til det tyske riket sin fullmaktshavar, Curt Bräuer. Vidkun Quisling understreka seinare at den fyrste regjeringa hans ikkje hadde sverja slik truskap.
Administrasjonsrådet vart oppløyst 25. september 1940 av Reichskommissar Josef Terboven, og erstatta av eit kommissarisk råd oppretta av han sjølv.
Administrasjonsrådet var desse personane:
- Fylkesmann Ingolf Elster Christensen, formann
- Stadsfysikus Andreas Diesen
- Direktør i Statistisk Sentralbyrå Gunnar Jahn
- Universitetsrektor ved Universitetet i Oslo Didrik Arup Seip
- Sorenskriveren i Nedre Romerike Ole F. Harbek
- Direktøren for den statlege industriforsyninga Jens Bache-Wiig
- Dosent ved Norges Landbrukshøgskole Rasmus Mork