Adposisjon
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Adposisjon er samleomgrepet for preposisjonar og postposisjonar, skilnaden dei i mellom er at preposisjonar står før objektet sitt, mens postposisjonar står etter det, som den finske preposisjonen ilman ("utan") i ilman kirjaa ("utan bok") og den nordsamiske haga (som også tyder "utan") i girjji haga ("utan bok").
[endre] Adposisjonane sin syntaks
Adposisjonar tar nominalfrasar som objekt, og resultatet er ein adposisjonsfrase som fungerer som adverbial, dvs. som ein frase som ikkje treng vere del av verbet sin valens. Vi kan altså seie både Eg søv, Eg søv ofte og Eg søv i senga, der adverbialet ofte og preposisjonsfrasen i senga ikkje er valensbunde ledd. Visse adposisjonsfrasar kan likevel vere valensbunde.
[endre] Adposisjonar og språktypologi
Språk med berre postposisjonar deler ofte mange andre trekk, til dømes har dei ein tendens til å vere SOV-språk, logisk nok, sidan både verbet og adposisjonen dermed tar objektet sitt til venstre. At språk med berre preposisjonar og språk med både pre- og postposisjonar ikkje utgjer ei like homogen gruppe, typologisk sett, er framleis eit stort mysterium.