Aerodrome Flight Information Service
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Aerodrome Flight Information Service (AFIS) er ei tenste utført på dei ukontrollerte flyplassane i Noreg, som til dømes Molde, Svalbard, Leknes. At flyplassen er ukontrollert vil seie at det ikkje er flygeleiarar til stades i tårnet for å kontrollere flytrafikken, men ein AFIS-fullmektig som held oversikt over annan trafikk, vindretning, tilhøva på rullebane (kor glatt ho er eller om det er vått) og eventuelt anna som kan påverke trafikken (fugleaktivitet t.d.). Ut i frå dei opplysningane flygaren får frå AFIS-fullmektigen avgjer han om han skal lande (starte), vente eller avbryte landing (eller avgang).