Akerselva
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Akerselva | ||
|
||
Utspring | Maridalsvannet i Nordmarka | |
Munning | Paulsenkaia og Oset i Bjørvika | |
Lengd | 8,2 km | |
Høgd over havet ved utspring | 149 m | |
Høgd over havet ved munning | 0 m | |
Renn gjennom | Oslo |
Akerselva er ei elv som renn gjennom Oslo. Elva går frå Maridalsvannet i Nordmarka, gjennom bydelane Nordre Aker, Sagene, Grünerløkka, Sentrum og Grønland og renn til slutt ut ved Paulsenkaia og Oset i Bjørvika. Den siste delen av elva, frå Vaterland til Bjørvika, vart lagt i tunnel på 1960-talet. Elva vert rekna som ein del av Nordmarkvassdraget, og har vassdragsnummer 006.Z. Heile elva strekkjer seg over 8,2 kilometer, og har eit fall på 149 meter. Akerselva vart tidlegare kalla Frysja.
Innhaldsliste |
[endre] Vasskraft og industri
Elva ga tidlegare kraft til ei rekkje industriverksemder. Nokre av dei større verksemdene som vaks fram med hjelp av kraftinnsprøytingar frå Akerselva var Nydalens Compagnie, Christiania Spigerverk, Lilleborg Fabriker, Bjølsen Valsemølle, Myrens Verksted og Hjula Bomuldsveveri.
[endre] «Akerselva du gamle og grå»
Store delar av 1800- og 1900-talet var elva prega av utslepp frå alle verksemdene som låg langs breddene og elva var ei tid nærast for ein open kloakk å rekne. I 1917 sa dåverande ordførar i Kristiania, Carl Jeppesen: «Elven er blitt en heslig rynke i byens ansikt, mens den burde være et smilebånd», medan Vilhelm Dybwad i 1905 skreiv omkvedet «Akerselva, du gamle og graa!» i revyvisa «Akerselva». Dette hefta lenge ved Akerselva og det har teke lang tid og mykje innsats å få renska opp, men no vert Akerselva kalla «Oslos grønne lunge», og er omkransa av parkar og turstiar heile vegen frå Grønland og opp til Maridalsvannet.
[endre] Fiskeelva
Før forureininga tok overhand var elva ei god fiskeelv og fram til 1860 vart det dreve laksefiske i elva. Frå 1990-åra har det igjen vorte mogleg å fiske laks og aure i dei nedre delane av elva.
[endre] På verdsveven
- Oslomarkas fiskeadministrasjon
- Industrien langs Akerselva Norsk Teknisk Museum (Vandringskart)
- Akerselva www.miljolare.no
- Akerselva www.osloelveforum.org
- Langs Akerselva www.birkelunden.no
- Akerselva fra Os til Os
![]() |
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over geografispirer. |