Aksjeselskap
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eit aksjeselskap i Noreg (forkorta AS) er eit selskap der eigarane har skote inn aksjekapital fordelt på antal aksjar i selskapet. Eigarane har ikkje noko personleg avnsvar for selskapet utover den aksjekapitalen dei har ytt. Unntaket frå regelen personlege aksjeselskap med éin eigar, der selskapet blir behandla som eit ansvarleg selskap.
Eit aksjeselskap skal ha ein aksjekapital på minimum 100 000 kroner. Han skal vere fordelt likt på éin eller fleire aksjar.
Eit allmennaksjeselskap (forkorta ASA) er ei nemning for aksjeselskap med mange eigarar. I eit allmennaksjeselskap kan aksjar teiknast av eller seljast til ein ubestemd krins – allmenta. Eit allmennaksjeselskap må ha aksjekapital på minst 1 000 000 kroner, eit styre på minst tre medlemmer og ein dagleg leiar.
I Noreg kan aksjeselskap noterast på Oslo Børs. Det er opp til selskapet sjølv å søkje om dette, men selskapet må oppfylle gjeldande krav som mellom anna omfattar antal eigarar, antal aksjar og storleik. Eit selskap ønskjer som regel å noterast på børsen for å få tilgang til ein større marknad for aksjen og enklare tilgang til kapital ved emisjon.