Aldin Grout
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Aldin Grout (2. september 1803, Pelham, Massachusetts, USA - 12. februar 1894, Springfield, USA) var ein amerikansk misjonær som truleg er mest kjend for si misjonsverksemd i Zululand. Han gifta seg med Hannah Davis in november 1834 og reiste til Kappkolonien for American Board for Foreign Missions ein månad seinare.
I Zululand fekk han bygd sin første misjonsstasjon kalla Ginani i 1836. Denne stasjonen vart øydelagd i striden mellom Zuluar og Boarar, og han fekk bygd ein ny stasjon kalla Inkanyezi i 1841. Den siste stasjonen vart så populær at kongen såg han som ein trusell mot kongemakta (den vart til ein stat i staten), Grout måtte difor rømja Zululand i 1842.
[endre] På verdsveven, kjelder
- sahistory.org.za - biografi
- Simensen, Jarle (red.) (1984). Norsk misjon og afrikanske samfunn, Sør-Afrika 1850-1900. Trondheim: Tapir. ISBN 82-519-0643-1
![]() |
Denne religionsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over religionsspirer. |