Alf-Inge Håland
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alf-Inge Rasdal Håland (f. 23. november 1972) på Bryne) er ein norsk fotballspelar og fotballeiar. Han er sportsleg leiar i Bryne FK. Kallenamnet hans er «Alfie». Håland er ein av av seks spelarar som har spela på det norske landslaget utan nokon gong å ha spela i den norske toppdivisjonen. Totalt spela Håland 34 A-landskampar.
Håland begynte fotballkarrieren i Bryne. Høsten 1993 signerte han for den engelske klubben Nottingham Forest. Han spelte seinare for Leeds og Manchester City.
I april 2001, under oppgjeret mellom City og byrivalen Manchester United blei Håland meid ned av Roy Keane frå United. Dette var hemn for ein tidlegare situasjon mellom dei to, som hadde enda med at Keane fekk ein krossbandskade. Det er uvisst om det var taklinga til Keane som øydela Håland sin karriere, men det er i alle fall sikkert at Håland knapt nok var på banen ein einaste gong etterpå, og at han eit drøyt år seinare blei tvungen til å slutta karriera som spelar.