Alf Hellevik
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Professor Alf Hellevik (1909–2001) var ein norsk filolog og ordbokforfattar som er særleg kjend for standardverket Nynorsk ordliste. Han vart fødd i Fjaler i Sunnfjord, og var ein aktiv målmann gjennom heile livet. Mellom anna har han vore nestleiar i Studentmållaget og sete i styret til Noregs Mållag.
I 1999 vart Hellevik utnemnt til heidersmedlem i mållaget av årsmøtet i Florø.
![]() |
Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over språkspirer. |