Alkokutt
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alkokutt er ei haldningskampanje som blir drive av 50 ulike friviljuge medlemsorganisasjonar, både landsomfattande organisasjonar, politiske parti, og lokale aksjonskomitear. Desse organisasjonane har ulikt syn på alkohol, men er samd om at alkoholbruken i Noreg bør ned.
Alkokutt har peika ut åtte såkalla sonar, dvs. område i dagleglivet som bør vere fri for alkohol. Desse sonane er:
- Trafikk
- Idrett og friluftsliv
- båt- og badeliv
- Sorg og depresjonar
- Konflikter
- Graviditet
- Arbeidsliv
- Samver med barn og unge
Leiar i Alkokutt for perioden 2005-2006 er Jan Olav Olsen, som til dagleg er stortingsrepresentant for Høgre. Dagleg leiar er Trine Stensen Lunde.