Alkymi
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alkymi (arabisk: Al Kemi=kemin) er ei nemning på ein vitskap i eldre tid, ein protovitskap. Vitskapen om kjemi har vakse fram frå alkymien. Ein person som heldt på med alkymi vart gjerne kalla alkymist. Ein alkymist blanda ulike stoff og utsette dei for varme og anna påverknad for å prøva å laga verdfulle ting som til dømes gull.
I dag blir alkymi sett på som ein pseudovitskap og vert ikkje praktisert av framståande kjemikarar, men er å finne i esoteriske kretsar og som symbolspråk t.d. i den teoretiske psykologien.
[endre] Historie
Gjennom middelalderen dreiv alkymistane hovudsakleg med forsøk på framstilling av gull og kjærleiksdrykkar, med varierande hell. Tankar om at ein skulle kunna framstilla allereie kjente stoff, t.d. gull, ved å blanda andre stoff, er basert på Aristoteles' teori om at alle stoff i sin tur er oppbygde av dei fire elementa i ulike blandingar. Ved å blanda ulike stoff i rette forhold skulle ein kunna få fram kva som helst for andre stoff. Namnet på alkohol er ein arv frå alkymistane. Deira tankesystem bygde på ulike mengder av magi, platonisme, gnostisisme og andre no utdødde samanblandingar av den materielle og andelege verda. Ei seigliva oppfatning var til dømes at varme var ein slags væske som fanns inni materien, og at brennbare stoff inneheldt eit særleg «eldstoff» kalt flogiston.
Alkymi har alltid vore populært i okkulte kretsar, og nådde ein topp på 1800-talet, då blant andre August Strindberg eigna seg til dette under sterk påverknad av Emanuel Swedenborgs tankar. Under eit eksperiment lykkast han å framstilla svovelkis av jern og svovel, og trudde han hadde framstilt ekte gull. Tanken vart teken opp av Carl Gustav Jung, som skreiv om individuasjonsprosessen med alkymien som symbolspråk og teorien om ein gjeven orden til all utvikling. Under Jungs påverknad har seinare alkymien på 1900-talet påverka nyreligiøse rørsler, men òg forskarar i ulike kulturvitenskapar.
Sjølv om ein ikkje kunne sjå på alkymien som vitenskap, gjorde alkymistar mange viktige tekniske oppfinningar, til dømes destillasjon, og dei oppdaga òg einskilde stoff som kvikksølv.
[endre] Sjå også
- Dei vises stein
- Klassiske element
- Hermes Trismegistus og hermetismen
- Maria frå Alexandria
- Nicollas Flamel
- Rosencreuzarane