Andørja
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Andørja er ei øy med flatevidde på ca 136 kvadratkilometer og som tidlegere var sjølvstendig kommune i Troms fylke. Øya er prega av fjell og har ein karakteristisk fjord, Straumbotn, som omtrent deler henne i to. Høgaste fjellet er Langlitinden, 1277 m.o.h.
Andørja var frå 1837 ein del av Ibestad formannskapsdistrikt. I 1926 vart Andørja, Astafjord og Gratangen utskilde frå Ibestad som eigne kommunar. Andørja hadde då 1 420 innbyggjarar.
1. januar 1964 vart Andørja og Rolløya i Skånland slegne saman til Ibestad kommune. Andørja kommune hadde på det tidspunktet eit folketal på 1 330. I dag bur det omlag 650 menneske på øya.