Anders Jahres kulturpris
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Anders Jahres Kulturpris er ein årleg utdelt pris som skal vera ei heiderspåskjøning for framifrå arbeid i fyrste hand for norsk kulturliv. Prisen har vorte delt ut sidan 1990. Kvart år vert det plukka ut ein eller to vinnarar som kvar får 400 000 kroner, eit diplom og ein statuett laga av Nils Aas. I 1996 vedtok ein å også dela ut Anders Jahres Pris for Yngre Kunstnere. Vinnaren av Anders Jahres Kulturpris vert beden om å peika ut ein yngre talentfull kunstnar til å motta Anders Jahres Pris for Yngre Kunstnere, til regel innan sitt eige verkefelt. Juniorpristakarane får 100 000 kroner kvar. Prisen vert delt ut av Anders Jahres Humanitære Stiftelse etter innstilling frå eit utval oppnemd av stiftinga. I 2004 sat desse i prisutvalet:
- Lars Roar Langslet, formann
- Bentein Baardson
- Ole Bøhn
- Øivin Fjeldstad
- Nina Sundbye
[endre] Prisvinnarane
- 1990 - Asbjørn Aarnes for si litteraturforsking og formidling
-
- — Nils Aas, bilethoggar
- 1991 - Mariss Jansons, dirigent
- 1992 - Benny Motzfeldt, glaskunstnar og biletkunstnar
-
- — Halldis Moren Vesaas, lyrikar og gjendiktar
- 1993 - Robert Levin, pianist
-
- — Stein Mehren, lyrikar og samtidskritikar
- 1994 - Jakob Weidemann, biletkunstnar
- 1995 - Jan Garbarek, saksofonist
-
- — Ingrid Bjoner, songar
- 1996 - Liv Ullmann, scene- og filmkunstnar
-
- — som utpeika juniorprisvinnar Gjertrud Jynge, skodespelar
- 1997 - Gordon Hølmebakk, skjønnlitterær kulturformidlar
-
- — som utpeika juniorprisvinnar Cathrine Grøndahl, forfattar
- — Arne Nordheim, komponist
- — som utpeika juniorprisvinnar Gisle Kverndokk, komponist
- 1998 - Bentein Baardson, scenekunstnar
-
- — som utpeika juniorprisvinnar Herborg Kråkevik, artist
- — Bergljot Hobæk Haff, forfatter
- — som utpeika juniorprisvinnar Nikolaj Frobenius, forfattar
- 1999 - Leif Ove Andsnes, pianist
-
- — Truls Mørk, cellist
- — Solveig Kringlebotn, sopran
- 2000 - Liv Dommersnes, skodespelar
-
- — som utpeika juniorprisvinnar Andrea Bræin Hovig, skodespelar
- — Frans Widerberg, biletkunstnar
- — Per Enoksson, biletkunstnar
- 2001 - Knut Skram, songar
-
- — som utpeika juniorprisvinnar Kari Postma Sundan, songar
- — Knut Ødegård, forfattar
- — som utpeika juniorprisvinnar Steinar Opstad, lyrikar
- 2002 - Tone Vigeland, smykkekunstnar
-
- — som utpeika juniorprisvinnar Synnøve Øyen, tekstilkunstnar
- — Jan Groth, biletkunstnar
- — som utpeika juniorprisvinnar Tomas Ramberg, målar
- 2003 - Sverre Fehn, arkitekt
-
- — som utpeika juniorprisvinnar Kjetil Trædal Thorsen, arkitekt
- 2004 - Ingvar Ambjørnsen, forfattar
-
- — som utpeika juniorprisvinnar Bjarte Breiteig, forfattar
- — Geir Kjetsaa, formidlar av russisk litteratur
- — som utpeika juniorprisvinnar Alexander Rybak, fiolinist