Anders Svor-museet
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Anders Svor Museum i Hornindal er eit kunstmuseum, oppført til minne om bilethoggaren Anders Svor, som var frå bygda. Museumsbygget, som inneheld dei fleste av arbeida til bilethoggaren, i alt 450 arbeid, vart opna i Hornindal i 1953.
I 1992 vart museet utvida og skulptursamlinga fekk betre utstillingsrom. Museet inneheld no også eit galleri med plass for eigne gjesteutstillingar.
Anders Svor sin kunst er kjenneteikna av det enkle, reine og rotekte. Arbeida hans har ei naturalistisk form, ofte med eit romantisk drag. Anders Svor er ein av fylket sine mest betydningsfulle kunstnarar gjennom tidene, og ein sentral kunstnar i si samtid, forankra som han var i "den store tradisjonen". Han er representert kringom i landet med fleire større arbeid, mellom anna i Nasjonalgalleriet i Oslo.