Arnstein Arneberg
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Arnstein Rynning Arneberg (1882-1961) var ein norsk arkitekt. Han var mellom anna éin av to arkitektar bak Oslo Rådhus.
[endre] Utdanning
Arneberg var assistent hjå arkitekt Alfred Christian Dahl i Oslo i åra 1898-1900. I åra 1899-1902 var han elev ved Den kongelige tegneskole i Oslo under Herman Schirmer. Han var assistent hjå Ole Sverre i Oslo frå 1900-1903, deretter hjå Gustaf Lindgren i Stockholm til 1906. Han studerte under professorar som Isak Gustaf Clason og Erik Lallerstedt på den Kungliga Tekniska Högskolan i Stockholm frå 1904-1906.
[endre] Virke
Arnstein Arneberg fekk mange byggeoppdrag. Av dei tidlege er Eidsvoll folkehøgskule (1908) og Den norske sjømannskyrkje i Rotterdam (1914). Saman med Magnus Poulsson vann han arkitektkonkurransen om Oslo Rådhus (1916-1918).
Arneberg sitt arbeid omfamnar manga villaer og mange kyrkjer, kyrkjer som Kristiansand domkyrkje (1952), interiøret i Uranienborg kyrkje (1930), Oslo domkyrkje (1948-1950), Hamar domkyrkje (1952), Vang, Hedmark (1954), Fredrikstad domkyrkje (1954) og Ullensvang i Hardanger (1958).
[endre] Kjelder
![]() |
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |