Aslaug Låstad Lygre
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Aslaug Låstad Lygre (1910–1966) var ein lyrikar frå Lindås i Hordaland. Diktinga hennar er prega av dei små tinga vi burde setja pris på i dagleglivet, ikkje minst av vakre, harmoniske naturskildringar.
Aslaug Låstad Lygre gav ut seks diktsamlingar, alle i den intime, personlege og somme tider melankolske stilen som kjenneteiknar henne som lyrikar. Ho debuterte som diktar so seint som i 1943, med samlinga No blømer alle rosene. Gjennombrotet kom med dei litt tungsindige dikta i samlinga Den einsame roaren (1952). Sitt mest kjende dikt, "Sumarnatt", skreiv ho nokre år tidlegare, omgjeven av døyande menneske på Luster sanatorium, der ho var innlagd for tuberkulose.
Geirr Tveitt har laga melodi til "Sumarnatt" og fleire andre av dikta til Aslaug Låstad Lygre.
[endre] Bibliografi
- No blømer alle rosene (1943) Diktsamling
- Eld av steinar (1948) Diktsamling
- Den einsame roaren (1952) Diktsamling
- Rit di rune (1957) Diktsamling
- Fest i september (1960) Diktsamling
- Primulakveld (1964) Diktsamling
- Dikt i utval (1978)
- Dikt i samling (2005)
Eg er berre ei spire med tankar få eg veks berre til om du fyller på |
Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide denne spira.. | |
Oversyn over litteraturspirer. |