Børgefjell nasjonalpark
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Børgefjell nasjonalpark | ||
Totalareal | 265 km² | |
Landareal | 265 km² | |
Sjøareal | 0 km² | |
Område | Nordland, Nord-Trøndelag |
Børgefjell nasjonalpark er ein nasjonalpark som omfattar land i kommunane Grane, Hattfjelldal, Røyrvik og Namsskogan i Nordland og Nord-Trøndelag fylke. Nasjonalparken vart oppretta i 1963 og utvida i 1971 og 2003.
[endre] Vern og bruk
Formålet med vernet av nasjonalparken er å ta vare på trua og sårbare artar, mellom dei fjellreven, og å ta vare på geologiske forekomstar og kulturminne.
Naturgrunnlaget innanfor nasjonalparken er viktig for samisk kultur og næring. Området skal kunne brukast til reindrift.
Området er ikkje tilrettelagt for friluftsliv. Statskog og jeger- og fiskarforeiningane i området har nokre hyttar det let seg gjere å leige. Leirskolen Børgefjellskolen ligg i utkanten av parken, på vestsida.
[endre] Turmål
Vil du gå tur i Børgefjellet, kan du ta toget til Majavatn eller Trofors. Frå Trofors går av og til buss til Børgefjellskolen i Fiplingdalen. Frå Børgefjellskolen er det ein kort ettermiddagstur til Simskardhytta, ei opa hytte som Statskog har. Hytta ligg ved grensa til nasjonalparken. Statskog har nokre opne hytter inne i parken òg.