Baldisholteppet
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Baldisholteppet er eit vove biletteppe i gobelinteknikk som er C-14-datert til perioden 1040 - 1190. Teppet har namnet sitt frå Baldishol kyrkje som låg på Nes i Hedmark.
Då Baldishol kyrkje frå 1600-talet vart riven i 1879 vart ting frå kyrkja selde. Det var folk busette i bygda som kjøpte altarteppet på auksjon og fekk med på kjøpet ein svært skitten tøybylt som etter det folk sa skulle ha vore brukt av klokkaren som isolasjon under fotskammelen mot trekken frå golvet. Tøybylten skulle visa seg å vera det me i dag kjenner som Baldisholteppet. Teppet vart reingjort og reparert av dei som kjøpte det. Seinare vart det kjøpt av Kunstindustrimuseet i Oslo, og det er no utstilt der som eit av dei største klenodia i museet si eige. Teppet har vorte restaurert i fleire omgongar, seinast før utstillinga Stil 1100-1905 opna i 2004.
Teppet slik me kjenner det er 203 cm langt og 118 cm høgt. Det er to biletfelt på teppet, eit for april og eit for mai. Kantane på teppet er rivne av. Ein trur at teppet kan ha vore del av eit større teppe med eit biletfelt for kvar månad, om det stemmer og alle biletfelta var omlag like store vil teppet ha vore omkring 12 meter langt.
[endre] Materiale
Renninga er i ullgarn, størstedelen av innslaga er i ullgarn. Dei kvite felta er i lingarn. Garnet er farga med plantefargar.
[endre] Baldisholteppet på verdsveven
![]() |
Denne kunstartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over kunstspirer. |