Barentsregionen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Barentsregionen, eller Barents euroarktiske region, er ei formalisering av eit regionalt samarbeid på Nordkalotten og i den nordvestlege delen av Russland. Namnet kjem av Barentshavet.
Barentsregionen består av desse administrative områda:
Område i Noreg: | Nordland, Troms, Finnmark |
Område i Sverige: | Västerbotten, Norrbotten |
Område i Finland: | Lappland, Norra Österbotten, Kainuu |
Område i Russland: | Murmansk oblast, Arkhangelsk oblast, Republikken Komi, Republikken Karelen, Nenets autonome område |
Barentsregionen vart formelt oppretta 11. januar 1993 på initiativ av Noreg, der både UDs Sverre Jervell og utanriksminister Thorvald Stoltenberg var sentrale. Eit av motiva bak opprettinga av Barentsregionen var å bygge opp handelsambandet på tvers av aust-vest-grensa frå den kalde krigen, eit anna var å danne Noregs bidrag til regionanes Europa foran den planlagte EU-utvidinga i 1994.
Leiarvervet i det formaliserte samarbeidet i Barentsregionen går på omgang mellom dei fire statane. Den norske delen av barentssamarbeidet blir administrert frå Barentssekretariatet i Kirkenes. På svensk og finsk side har samarbeidet tradisjonelt vorte koordinert av tilsette med ansvar for internasjonale saker i lensadministrasjonen i Umeå og Rovaniemi. Noko av det spesielle med samarbeidet i Barentsrgionen er at ikkje berre statane deltar. I samarbeidet er det og eit regionråd der representantar for regionane samarbeider.
[endre] Eksterne lenkjer
Barentsregionen |
Finnmark | Nordland | Troms | Västerbotten | Norrbotten | Lappland | Norra Österbotten | Kainuu | Murmansk, Arkhangelsk, Komi, Karelen, Nenetsia |
![]() |
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over geografispirer. |