Bergen Museum
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bergen Museum eller Bergens Museum vart stifta i 1825. Alt fra starten av vart det teke sikte på å byggja opp eit naturhistorisk og kulturhistorisk museum som famna vidt. Museet var ein viktig del av grunnlaget for etableringa av Universitetet i Bergen i 1946. Bergen museum har sidan vore ein del av universitetet.
[endre] Historie
Bergen Museum vart grunnlagt i 1825 med stortingspresident Wilhelm Frimann Koren Christie (1778-1849) som ein av grunnleggjarane. Christie tronar i dag på støtta si på Muséplass på Nygårdshøyden, der han ser ned mot sentrum av byen. Med sin sosiale posisjon og entusiasme var Christie viktig for å skapa gjevarglede og godvilje for det nye museet. Dei store museumsbygga slik dei står i dag reiste seg i løpet av 1860-åra.
Allereie på denne tida vart det tala om at museet skulle arbeida for «... opprettelsen av en vitenskapelig høyskole for Vestlandet i Bergen».