Berit Ås
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Berit Ås (f. 1928) er ein norsk sosialpsykolog og tidlegare politikar. Ho var den første partileiaren i Sosialistisk Venstreparti, og har òg vore ein viktig figur i norsk kvinnerørsle.
Då SV vart tufta i 1975, vart ho leiar. Ho hadde bakgrunn frå DNA-utbrytargruppa AIK, og var mellom dei 16 representantane Sosialistisk valforbund fekk valt inn på Stortinget i 1973. Ho sat som leiar i eitt år, før Berge Furre tok over.
Mellom dei viktigaste bragdane hennar som forskar reknar ein identifikasjonen av dei fem hersketeknikkane, som ho skreiv om i 1979.