Blood Red Throne
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Blood Red Throne er eit norsk daudmetall-band frå Kristiansand. Musikken er mykje i stil med dei amerikanske daudmetall-pionerane Cannibal Corpse og Deicide. Denne musikkstilen har tidlegare ikkje vore serleg utbreidd i Noreg, med di black metal på 1990-talet kom og kasta skugge over alt hitt. Blood Red Throne har soleis synt lovande takter.
I januar 2005 gav Blood Red Throne ut den tredje plata si, kalla Altered Genesis. Tchort frå det no oppløyste svartmetall-bandet Emperor er med som gitarist.
![]() |
Denne musikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over musikkspirer. |