Bob Beamon
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Robert «Bob» Beamon (fødd 29. august 1946) er ein friidrettsutøvar frå USA, best kjend for å ha halde verdsrekorden i lengdehopp frå 1968 til 1991.
Beamon, som kjem frå Jamaica, New York, sette verdsrekord i lengde under OL i 1968 i Mexico City med eit hopp på 8,90 m, heile 55 cm lengre enn den tidligare rekorden.
Før dette hoppet hadde verdsrekorden vorte betra 13 gonger sidan 1901, med ei gjennomsnittleg auke på 6 cm, og aldri med meir enn 15 cm.
OL-vinnaren frå 1964, Lynn Davies frå England, sa til Beamon: «Du har øydelagd denne øvinga». Rekorden stod fram til 1991, då amerikanaren Mike Powell hoppa 8,95 under verdsmeisterskapen i Tokyo.