Bokstaven kjell
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kjell (kj) er ein nyleg (2005) føreslått bokstav i det norske alfabetet. Dette er eit humoristisk framlegg for å fremja rett uttale av lyden kj (og tj), og stå imot den aukande tendensen til å uttala han som /ʃ/, dvs som første lyden i ordet skjorte.
Kj-lyden er i ferd med å forsvinna frå mange norske målføre til fordel for /ʃ/. Dette er kanskje mest markert hjå ungdommen, som ikkje skal på kino men på «sjino». Somme meiner at ein særleg bokstav for kj kan hjelpa å ta vare på lyden jamvel i talespråket. Dersom framlegget skulle få oppslutning, ville kjell bli plassert mellom L og M i alfabetet.
Framlegget til den nye bokstaven blei utforma av designbyrået SDG og presentert av fjernsynsprogrammet Typisk norsk.