Brushane
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Brushane |
||||||
---|---|---|---|---|---|---|
![]() |
||||||
Systematikk | ||||||
|
Brushane (Philomachus pugnax) er ein vadefugl i snipefamilien. Lengda er 20–32 cm, vingespennet er 46–58 cm. Han er større en ein raudstilk; høna er mindre. Vårhannen er fleirfarga, med issetoppar og overdådig, brushanefjørkrage; om vinteren har han lyst, dust streka hovud. Hoa er gråbrun med grove mørke flekkar; haustjuvenilen er markert skjelmønstra i gulbrunt oppå, og okergul under med olivengule bein. Dei har eit tynt kvitt vingeband og ein oval kvit flekk på kvar sida av overgumpen. Brushanen er som regel taus.
[endre] Utbreiding
Brushanen hekkar lokalt i Nord- og Nordvest-Europa som trekkjer regelmessig over heile Europa.
![]() |
Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over biologispirer. |