Bud
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bud er ein tidlegare sjølvstendig kommune i Møre og Romsdal fylke, oppretta som Bud formannskapsdistrikt i 1837.
1. januar 1878 vart ein del av Bud med 15 innbyggjarar overført til Kvernes. Det er noko uklårt om dette gjeld Kvernes sokn og/eller Kvernes kommune. 1. januar 1891 vart garden Bollien i Bud med 15 innbyggjarar overført til Kvernes kommune.
1. juli 1918 vart Hustad utskild som eigen kommune. Bud hadde 1 397 innbyggjarar etter frådelinga.
1. januar 1964 vart Bud, Fræna og Hustad kommunar samanslegne til den nye Fræna kommune. Bud hadde 1 610 innbyggjarar ved samanslåinga.