Burgassjøane
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Burgassjøane (Бургаски езера) er ei gruppe innsjøar rundt byen Burgas ved kysten av Svartehavet i Bulgaria. Dei er den største gruppa av innsjøar i landet og inneheld nokre av dei største og viktigaste i Bulgaria.
Det totale arealet til heile våtmarksområdet (inkluder sumpar, myrar, tjern og andre reservoar) er 95 km², der 33,90 km² anten er eller føreslått verna. Dei inneheld mange både lokalt og globalt utryddingstrua dyreartar, både fuglar, fiskar og pattedyr. Bortsett frå dette er Burgassjøane òg økonomisk viktige, og ein hentar mellom anna havsalt og helsebringande gjørme frå dei salte sjøane, medan ferskavassjøane forsynar det lokale samfunnet med ferskvatn (Mandrenskosjøen)
Burgassjøane består av (frå nord til sør):
- Pomorijskosjøen, ein svært salt lagune.
- Atanasovskosjøen, eit naturreservat og ein Ramsar-stad
- Burgassjøen eller Vajasjøen, den støsrte naturlege innsjøen i Bulgaria.
- Podasjøen, stundom rekna som ein del av Mandrenskosjøen.
- Mandrenskosjøen, i dag eit ferskvassreservoar og den største i gruppa.
[endre] Galleri
[endre] Kjelde
Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Burgas Lakes frå Engelsk Wikipedia.