Byge
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ei byge er den nedbøren som kjem frå ei bygesky (cumulonimbus). Det kan også koma lette byger frå ei stor haugsky. Bygeskya har vassrett grunnflate og veks kraftig oppover med flisa eller trevla topp. Ho veks ofte utover i toppen som ein ambolt.
Bygeskya gjev altså regnbyger, snøbyger og haglbyger. Kvar byge varer berre ei stutt tid, og so vert det opplett att.
Når det er regnbyger eller snø/haglbyger er det også ofte vindkast eller vindvariasjonar. Bygeskyer kan òg laga torevêr.
Denne vêr- eller klimarelaterte artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over meteorologispirer. |