Bygelinje
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ei bygelinje er byger organisert langs ei linje, som òg blir kalla tråg, og kan bli fleire hundre kilometer lang. Linja innheld ofte fleire individuelle toreskyer, og blir òg kalla multicellelinjer. Bygelinjene kan oppstå på eiga hand eller i lag med lågtrykk eller tropiske skylonar. Som oftast oppstår individuelle byger langs ein front og kan medfører kraftig nedbør, hagl, lyn, kraftig vind, og visst forholda ligg til rette for det, tornadoar og skypumper.
I områda rundt Noreg oppstår bygelinjene som regel i kaldlufta bak ein kaldfront, særleg på vinterhalvåret i alle norske havområde. Ofte ligg dei parallelt med fronten.
Kategoriar: Vêr | Uvêr