Catharinus Elling
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Catharinus Elling (13. september 1858–8. januar 1942) var ein norsk musikkpedagog og folkemusikksamlar og komponist.
Elling var fødd i Oslo, der han òg døydde. Han studerte pianospel og komposisjon i Leipzig 1877–78 og i Berlin 1886–87. Frå 1896–1908 var han lærar ved Oslo musikkonservatorium. Han skrev blant anna symfoniar, ein fiolinkonsert, kammermusikk og ein opera. Mange musikarar som seinare skulle bli framtredande i norsk musikkliv, til dømes Fartein Valen, byrja å studera under Elling.
Han var bror av ingeniøren Ægidius Elling, som fant opp gassturbinen.
[endre] Verk
(ikkje fullstendig)
![]() |
Denne artikkelen om ein musikar er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over musikarspirer. |