Christoffer Valkendorf
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Christoffer Valkendorf, fødd 1. september 1525 på Glorup gods på Fyn, død 17. januar 1601 i København, var ein dansk adelsmann. Han var lensherre på Bergenhus frå 1556 til 1560. Valkendorf bygde eit byhus i Bergen, som han seinare gav i gåve til byen. Dette huset vart seinare byen sitt rådhus, og er no kjent som Gamle rådhus. Det inneheld i dag Bergen sin bystyresal, der det heng eit portrettmaleri av Valkendorf. Ei stund trudde ein òg, feilaktig, at det var Valkendorf som hadde bygd Rosenkrantztårnet, og det har difor òg vore kalla Valkendorftårnet.
Føregjengar: Christoffer Huitfeldt |
Lensherre på Bergenhus |
Etterfylgjar: Erik Rosenkrantz |
![]() |
Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over historiespirer. |