Christopher
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Christopher er eit mannsnamn nytta mellom anna i Noreg. Namnet er ei form av det greske namnet Khristofóros som tyder «Han som ber Kristus (i hjarta sitt)». Den vanlegaste skrivemåten av namnet i Noreg er Kristoffer, andre skrivemåtar brukt i norsk er Christoffer, Christofer og Kristopher. Namnet er også brukt i ulike former i ei lang rekkje andre språk. Den truleg mest kjende beraren av namnet, Christofer Columbus, heiter til dømes Cristoforo i fødelandet Italia, Cristóvão i det andre heimlandet sitt, Portugal, og Cristóbal i Spania.
[endre] Namnedagar
- Norsk namnedag for Christopher: 14. mai
- Norsk namnedag for Kristoffer: 18. desember
- Minnedag i den katolske kyrkja: 25. juli, i Tyskland 24. juli, og i Austkyrkja oftast minna 9. juli
[endre] Kjende berarar av namnet
- Christoffer av Bayern – konge i Danmark 1440–48, konge i Noreg 1442–48 og konge i Sverige 1441–48
- Christoffer I av Danmark – konge i Danmark 1252–59
- Christoffer II av Danmark – konge i Danmark 1320–26 og 1329–32
- Christofer Columbus – sjønavigatør og oppdagar
- Rasmus Christoffer Effersøe – færøysk diktar og politikar
- Christopher Hornsrud – norsk politikar, statsminister 1928
- Christopher Okigbo – nigeriansk lyrikar
- Christoffer Stixrud – norsk målar
[endre] Bakgrunnsstoff
- Søk etter norsk namnestatistikk for Christoffer, Christopher og Christofer hjå Statistisk Sentralbyrå