Chrysler Building
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Chrysler Building er ein skyskrapar i New York. Den 319 meteren høge bygningen stod ferdig i 1930, og var den høgaste bygningen i verda i nesten eitt år, inntil Empire State Building nokre kvartal lenger vest på Manhattan stod ferdig i 1931.
Chrysler Building vart designa av William van Alen for den amerikanske bilprodusenten Chrysler. Bygningen er eit av dei fremste eksempla på Art Deco-stilen, og blir av mange sett på som den vakraste bygninga i New York. Med sin karakteristiske skinande topp i rustfritt stål, er Chrysler-bygningen òg ein av dei mest dominerande landemerka i byen. Utforminga av den dekorative toppdelen var dessutan inspirert av hjulkapslane på Chrysler-bileane på 1920-talet.
Til forskjell frå Empire State Building, er Chrysler-bygninga ikkje open for publikum.
[endre] Lenker ut
[endre] Sjå òg
- Art Deco
- Liste over skyskraparar
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. | |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |