Wikipedia:Commons
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Snarveg: WP:C |
---|
Det er no ikkje naudsynt å lasta opp bilete på Wikipedia for kvart språk. Ho kan i staden leggjast på Wikimedia Commons, som alle Wikipediaprosjekta kan bruka. Slik sparar ein datalagringsplass. Det mogleg å laga eit galleri av bilete og lenkja det saman med andre ved hjelp av kategoriar.
På Wikimedia Commons er det berre lov å lagra filer med opphavsrett Public Domain, GNU General Public Lisens, eller Creative Commons som tillet kommersiell bruk.
Innhaldsliste |
[endre] Bruk av Commons
Når ein ynskjer å nytta ei datafil frå Wikimedia Commons i Norsk (nynorsk) Wikipedia gjer ein berre som vanleg og skriv til dømes [[Fil:namn.jpg]]. Om ikkje fila finst på nynorsk Wikipedia leitar systemet automatisk på Wikimedia Commons og hentar i staden fila derifrå.
[endre] Opplasting til Commons
For å lasta opp ei fil må ein ha ein brukarkonto og vera innlogga på Commons. Fila kan godt ha namn på norsk, men det er ein fordel å skildra henne på eit litt større språk i tilllegg, som engelsk. Ho må òg merkast med ein tilleten lisens. Denne kan leggjast inn ved opplasting eller etterpå, ved hjelp av ein av fleire malar.
[endre] Døme på Commons-malar
- {{PD}} (Public Domain, fila er ikkje verna av opphavsretten)
- {{GFDL}} (fila er lasta opp under GNU Free Documentation License)
- {{cc-by}} (fila er lasta opp etter Creative Commons Attribution, det vil seia at ein fritt kan bruka fila, men må oppgje opphavsmannen)
- {{CopyrightedFreeUse}} (fila er verna av opphavsretten, men opphavsrettshaldaren har sagt at ho likevel kan brukast fritt)
[endre] Sortering av fila på Commons
Ei fil bør òg leggjast inn i eit galleri, ein kategori, eller begge deler, slik at andre lett kan finna henne. Galleri finst på vanlege, Wikipedia-aktige sider. Her kan ein leggja inn filer ved å redigera sida, og bruka vanleg filvising, eller ganske enkelt leggja filnamnet (med Image: først) mellom <gallery>-taggane.
For å leggja fila i ein kategori finn du først ein eller fleire kategoriar du syns passar. Du legg så inn fila ved å skriva Category:Eksempel på skildringssida til fila.
[endre] Sjå òg
- Wikipediaartikkelen Wikimedia Commons
- Wikipedia:Korleis lasta opp filer