Dagmerke
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Foto: Pline, fransk Wikipedia-skribent
Eit dagmerke er ein godt synleg struktur plassert på land for å hjelpe sjønavigasjon, eit seglingsmerke langs kysten i dagslys. Dagmerket kan vere ein varde, tårn eller annan bygning, det har ikkje lys og er vanlegvis ikkje lyst opp. Det kan vere måla med lett kjenneleg mønster. Eit døme på eit kjent dagmerke er Nix’s Mate i hamna i Boston, Massachusetts.
Termen dagmerke kan òg referere til det eintydige mønstret måla på mange fyrtårn som gjer dei lett kjennelege. Slike mønster gjer at mange tårn på nedlagte fyrstasjonar held fram som nyttige dagmerke. Men i dag har tekniske navigasjonshjelpemiddel tatt over som viktigaste vegvisarar for den maritime nyttetrafikken.
[endre] Norskekysten
I Noreg har omgrepet dagmerke vore nytta også om faste sjømerke som faste båkar og om landmerke. Formasjonar på landskap og fjell var dei første hjelpemiddel til sjønavigasjon og kunnskap om dette vart dokumentert og formidla. Døme på eit kunstig dagmerke er dagmerket på Revtangen, Jæren medan Risørflekken i Risør er eit naturleg, kvitkalka dagmerke.