Dansk biografisk leksikon
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dansk biografisk leksikon (DBL) er det mest omfangsrike biografisk verk på dansk språk. Det er populært kalla Bricka etter redaktøren for første utgåve, Carl Frederik Bricka.
- 1. utgåve: Dansk biografisk Lexikon, tillige omfattende Norge for tidsrummet 1537-1814, Utgjeve av C. F. Bricka, 19 bd, Gyldendal Dansk Forlag, 1887-1905
- 2. utgåve: Dansk biografisk leksikon, 2. utgåve, 27 bind, Grunnlagt av C. F. Bricka, redigert av Povl Engelstoft og Svend Dahl, København 1933-44.
- 3. utgåve: Dansk biografisk leksikon, 3. utgåve, 16 bind, Grunnlagt 1887 av C.F.Bricka, redaktør Svend Cedergreen Bech, København., 1979-84.
Tredje utgåve har ikkje overflødiggjort dei to første utgåvene, nokre av dei minst aktuelle artiklar frå tidlegare utgåver er tatt ut av tredje utgåve. I tredje utgåve er artiklar frå andre utgåve ajourført i lys av nyaste forsking, og dei mest vektige litteraturtilvisingar til kvar artikkel er oppdatert.