Davik
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Davik er ein tidlegare sjølvstendig kommune i Sogn og Fjordane fylke som blei oppretta som Davik formannskapsdistrikt i 1837.
1. januar 1913 blei ein del av Davik, med 3 innbyggjarar, overført til Gloppen kommune.
1. januar 1964 blei Husevågøy, Grindøy, Gangsøy, Risøy og området nord for Nordfjorden austover til Levdal i kommunen slått saman med Sør- og Nord-Vågsøy kommunar og delar av Selje til den nye Vågsøy kommune. Desse delane av Davik hadde 1 216 innbyggjarar.
1. januar 1965 blei området sør for Nordfjorden og øyområda (bortsett frå øyane som året før gjekk inn i Vågsøy), i tillegg til det meste av Bremanger, slått saman til den nye Bremanger kommune. De delane av Davik som gjekk inn i Bremanger hadde 1 567 innbyggjarar.
Frå same dato gjekk området nord for Nordfjorden austover frå og med Levdal i Davik slått saman med Eid kommune og delar av Hornindal til den nye Eid kommune. Det var 654 innbyggjarar frå Davik som gjekk inn i denne nye kommunen.