Debrecen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Debrecen (utt. Debretsen) er den nest største byen i Ungarn, og hovudstad i Hajdú-Bihar-provinsen, som ligg aust i landet. Innbyggartalet låg på 207 000 i 2002, så det vantar framleis ein del før dei tek att hovudstaden Budapest med sine 1,9 millionar.
[endre] Om byen
Byen ligg 220 kilometer aust for Budapest, ikkje longt frå nasjonalparken Hortobágy, der ein mellom anna kan sjå ein ekte ungarsk puszta. Faktisk ligg sjølve byen òg midt på dei ungarske viddene, og på folkemunne vert det sagt om Debrecen, «kven i sitt rette skinn ville finne på å bygge ein by midt på ei slette, utan verken fjell, skog eller vatn?» Likevel, byen har vakse og vakse, og var i si tid den siste store handelsbyen før ein nådde dei transylvanske fjella.
[endre] Skrivemåte
Ettersom Hajdú-Bihar-provinsen lenge har vore eit ettertrakta landområde har bynamnet fleire skrivemåtar på andre språk. Mellom anna blir han kalla han Debreţin på rumensk, Debrecín på slovakisk og Debreczyni på polsk. I eldre ungarske dokument går byen gjerne under namnet Debreczen.